Nå kundane dine i sommar – både fastbuande og tilreisande
Er di verksemd klar for sommartrafikken? No er tida inne for å gjera deg synleg!
Hallingdal er ein av Noregs mest populære turistregionar, og i sommar venter vi stor tilstrøyming av både feriegjester og lokalbefolkning som ynskjer å handle, oppleve og nyte alt regionen har å by på.
Som lokalavis kjenner vi marknaden, og vi veit korleis du når ut med bodskapen din.
Ved å annonsere hjå oss, treff du både dei som bur her og dei som er på besøk. Med ei god blanding av papiravis og digitale kanalar når vi kundane der dei faktisk er – anten det er ved frukostbordet med lokalavisa eller på mobilen mens dei planlegg dagens aktivitetar.
I heile sommarsesongen, fram til og med august, tilbyr vi eit ekstra gunstig annonsetilbod: Når du kjøper to papirannonser, får du den tredje med på kjøpet – og i tillegg får du 30 % rabatt på all digital annonsering.
Dette er ei unik moglegheit til å få mykje synlegheit for pengane, og til å vera til stades i fleire kanalar samtidig. Vi hjelper deg gjerne med å skreddarsy ei annonsepakke som passar dine behov, anten du driv butikk, serveringsstad, overnatting eller tilbyr opplevingar og aktivitetar.
Du kan lesa meir om annonseprodukta vi tilbyr på annonseweb.hallingdolen.no