Frå 3. oktober blir prisen på komplettabonnement auka.
Komplettabonnementet, der du får både papiravisa og digital tilgang til Hallingdølen, vil gå frå å koste 319 kroner i månaden til 419 kroner.
Prisen på eit reint digitalabonnement vil vere uendra, og framleis koste 279 kroner i månaden.
Hallingdølen har i mange år hatt ein ganske lik pris, uavhengig av om du har hatt papiravisa med i abonnementet ditt eller ikkje. Me har også vore ein god del billigare enn samanliknbare aviser rundt om kring i Norge.
Men den siste tida har konstnadene knytt til trykk og distribusjon i Norge auka såpass mykje, at me blir nøydd til å auke prisen.
Ved å gjere dette grepet, sørger me for at me framleis kan ha tre papiraviser i veka! Alternativet ville vore å gå ned på frekvensen, og det er ikkje noko me ynskjer å gjere no.
Det vil framleis vere eit distribusjonstillegg for abonnentar som bur utanfor Hallingdal og Nore og Uvdal.
Prisendringa skjer frå 3. oktober. Det vil ikkje kome ei ny prisendring ved nyttår.
Ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt om du har spørsmål knytt til abonnementet ditt.